19. juni 2025 inviterer me til Tysnestur med opplevingar.
Turen startar med ferje frå Jektevik til Hodnanes kl 1000, me kjem oss til Jektevik på eiga hand. Det blir ein dagstur frå kl 1000 til ca 1700.
På Hodnanes startar bussturen med vår eigen sjåfør som me veit har godt humør. Så skal me ta for oss alt Tysnes har å by på, iallefall noko av det beste. Me besøker Alsaker Fjordbruk og ser på det dei driv med der.
Deretter Onarhim kykje og historie knytta til staden.
På Årbakka Handelstad - Utstilling, kan me får med oss litt av kvart, her har blandt anna Tysnes Kystlag lokaler. Muligens vafler?
Mat blir det i allefall når me ankjem Haaheim gaard. Her blir det middag og kaffi, dessert til dei som vil betale sjøl. Opplevinga her blir hagevandring i ein særs vakker hage.
Dette er programmet me har så langt.
Pris for heile turen er kr 750 for medlemer og kr 1000 for ikkje medlemer.
Merk deg dato alt no. Me ser fram til å møte mange kollegaer på turen.
Helsing frå styret